Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

sykkelvegen Fagereng-Giæverbukta. Kabellegging over vegbana, mangelfull utbedring etter fjerning av asfaltdekke.

Hull i vegbanen
2020-06-03 07:28 (#65695)
Besvart Besvart

Adresse: Nøkken - Workinnmarka 1

Kart (69.65075668761152, 18.909071469531227)

Dei siste vekene er det på fire-fem plassar fjerna asfalt på denne vegen, tydelgvis i samband med å føre kabel over vegen til lyktestoplar langs vegbana. Denne asfalten er ikkje blitt erstatta med fast dekke for å sikre opprinnelege kvalitet på vegen. I staden er grøfta fyllt opp med pukk/singel som ikkje ligg stabilt, og flyt ut over vegbana. Dette vil utvikle seg til \"slaghol\" i heile vegbreidda og ein risiko for syklistar. Eg vart i førre veka vitne til at ein unge på sykkel miste balansen og tippa her, og dette kan skje med fleire. Risikoen for dette vil auke etterkvart som pukken blir strødd utover, og når neste vinter kjem vil brøytinga på desse punkta også føre til nye skader på asfalten. Slik eg vurderer det er dette, slik det ligg i dag, ein akutt risiko for syklistar og ein risiko for større utgifter til utbedring dersom det blir liggande slik i lengre tid.

Kommentar fra kommunen:

Hei

Dette skal være begynt utbedret. Vi skal følge opp å få ferdigstilt så snart som mulig.